torsdag 29. januar 2009

oui, oui?

Det var ein gong seks venner som pakka sekken ein kald januar dag: "no er det nok! Me reiser til Paris!" Då dei langt om lenge kom fram til baguett-hovudstaden, møtte dei ei jente med mistenkeleg ljost hår. Ho sa: " kom med meg, eg skal gje dykk vin og husrom." Dei seks venene takka sjølvsagt ikkje nei. Det var no 7 vener. Vinen gjorde sitt:



Dagen etter kom jentene på at dei ikkje hadde nok klede. Gode råd var dyre, men jenta med det ljose håret visste råd! Ho tok dei med på eventyr ut i baguett-land. Lite visste dei sju venene at det venta dei ei stor overrasking. Midt inne i alle kleda stod denne jenta:

Venene visste ikkje si arme råd! Kva i helvete! Kjolane vart gløymde, prøverommet vart ei felle, harddisken var lureri...dei skjønna ingenting. Det var den åttande venen i huset. Det vart latter, tårer, kjærleik og hjelpelause skrik frå prøverommet.

No skulle dei åtte venene ut å oppdage Paris. Bak dei stive, men fine franskmennane, baguettane og vinen såg dei:
Trånge, trivlege gater.


Mange piper.


Disko Eifel.

Etter langt om lenge var dei åtte venene godt fornøgde med eventyret og belønna seg sjølve med ein tur i karusellen og crepé. Deretter gjekk dei heim for å drikke meir vin.




Det gjekk litt hett for seg for nokre:
Oppdagelsesferda nærma seg slutten, men alle dei åtte venene var einige om at det haddde vore ein særs vellukka tur.


Takk til den sjuande venen med det ljoset håret, for eit glitrande opphald. Oui, oui, baguett.

lørdag 10. januar 2009

Folk og Fe

Idylliske tider på Rauland.






stotrar meg frammivi.











fredag 9. januar 2009

God jul, godt nyttår og alt det der...

...og snart Paris! MOHAHA!
Eg har stjerneskudd og rosa champagne... det vil si: Eg er klar!